Biobløff om tare

Posted October 7th, 2014 by admin

På Bioøkonomikonferansen vart vi fortalt at vi kan utvinna 600 millionar liter bioetanol frå 20 millionar tonn tare, som er eit framtidsmål for årleg hausting av tare frå vår langstrakte kyst.

Store tal! Dei kan imponera, spesielt om du ikkje kan rekna.

600 millionar liter bioetanol har ein brennverdi som tilsvarer vel tre millionar fat råolje, eller om lag to dagars produksjon av olje på norsk sokkel. Om vi får dette til, kan vi altså kutta ut olje­­­produksjon i to av årets 365 dagar!

Så skriv tre forskarar ved Sintef om tare som råstoff for produksjon av biodrivstoff, og kallar dette eit klimatiltak, i DN i artikkelen «Tare på tanken» 26. september. Men det er vel eit tvilsamt klimatiltak å ta karbon som er lagra i tare i havet, bruka store ressursar på å foredla det til biodrivstoff, så brenna det og sleppa karbonet ut i atmosfæren? CO2 – direkte frå hav til luft!

Leave a Reply

XHTML: You can use these tags: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>